Kjære vakre du.
Takk for at du alltid gjorde barneskoleferiane mine til en drøm, og for at eg no sit att med idylliske minner.
For at du lærte meg å strikke, bruke symaskin og å gå i høyhælte sko (endå dei var 7 nr for store på den tida treninga fann stad). Dine gamle chanel-sko har alltid hatt hedersplassen i skohylla mi.
Takk for at du kvart år, tålmodig, sydde ballettskjørt, på ballettskjørt og ordna rundt 100 par med tåspissko, så eg skulle vere tipp topp utstyrt til både ballett-trening og forestilling i 13 år på rad.
Takk for dei dagane vi sto på badet og eg, til mor og fars store fortvilelse, fekk lov å låne sminken din. Rød leppestift er framleis favoritten.
Takk for at du alltid forsvarte mitt valg om å gå med penkjole, sjølv om det var ein vanleg mandag, og sjølv om kjolen egentlig burde sparast til spesielle anledningar.
Takk for at du tok deg tid til alle påfunna mine. For at du tålmodig tappa såpevatn, alle gongane eg vart med moffar i fjøsen, og tok med meg en kattunge tilbake i huset. Sjølv om kattane berre skulle fange mus og lukta av fjøs.
Takk for alt du ville lære meg, sjølv om eg egentlig ikkje var intressert. Og det at eg aldri fikk dreisen på å pusse sølvbestikket, skal nok ikkje stoppe meg fra å bli akkurat det eg vil når eg blir stor. Det at eg ikkje fulgte med når vi lagde brun saus skal nok heller ikkje stå i veien for at eg ein gong får meg ein kjekk mann.
Du var ikkje heilt deg sjølv på slutten. Du fortalte meg kor vondt du hadde det, og at det å måtte fjerne livmor, bryst og at håret fallt av gjorde at du ikkje følte deg som et menneske. Du sa at du gleda deg veldig til å komme heim. Eg holdt deg i handa, for det var det einaste vi kunne uten at det gjorde vondt, og minte deg på kor glad eg er i deg. Sa kor lei meg eg er for at eg bur så langt vekke, og for at det etterkvart blei meir intressant å reise på sommarferie med venninner, framfor å vere i volda og stelle kattungar. Og for at mine ukeslange besøk, aldri meir blei lengre enn to dagar. Men du ba meg berre om å vere snilde jente, flink på skulen, og huske å kose meg. Eg kan fortsatt høre stemma di, og lyden av tøflene dine i kjellartrappa. Har heller ikkje gløymt kor du lo når eg fire år gammal sjangla rundt i skoa dine, medan eg tvihaldt i pelsen til stakkars Bobby, som var så snill og fann seg i alt eg gjorde med han.
Då bobby døde, og vi begravde han under pæretreet, minte du meg på at han var gammal og sliten. At no ville det vere godt for stakkars Bobby å sove. Så kunne eg sove i min seng, og bobby i sin nye under pæretreet. Eg reknar med du ville sagt det samme no. At no skal eg sove i mi seng, og du skal sove i ei kiste.
Kjære mormor, eg forbinder deg med perlesmykker, svanedekorerte handdukar, kattungar og alt anna som er fint her i verda. Og eg lova å passe på morfar, og ikkje minst at om eg nokon gong skal finne meg en mann, så må han vere minst like snill som han. Det er heilt forferdelig tungt at du er vekke, men eg håpar du har det bedre no. Evig glad i deg <3
Fritt suser trærne rundt hjemmet du elsket.
Farvel, nikker blomstene du vernet så godt.
Takk, kvitrer fuglene som du var så glad i,
stille hvisker vinden: Sov i ro.